Sangmøte med Sarah og David Åström
Sangmøte med Sarah og David Åström i Herøy frikyrkje søndag 22.november kl 11.00.
Fredag og lørdag denne veka vert det også songmøter på Berge bedehus.
Sarah og David er frå Arvika i Sverige. Dei har sunge saman i mange år, og sidan 2019 på heiltid. Dei syng evangeliet om Jesus, og formidler dette på ein flott måte, der songstilen er country/gospel og ballader. Sarah og David reiser rundt og syng og taler Guds ord i ulike forsamlingar både i Norge og Sverige. Sarah og David er også kjende for deltaking i TV-programmet «Alle Tiders Sanger», som vart laga og sendt på TV hausten 2023, der 30 kristne musikarar frå Norge og Sverige reiste til musikkbyen Nashville i USA, der dei i løpet av nokre dagar framførte og spelte inn mange kjente songar frå den kristne songskatten. Resultatet vart 8 TV-program fylt med glede, song og gripande livshistorier. Ekteparet besøkte Berge bedehus i fjor haust, og no gled vi oss stort til å få høyre og vere saman med dei igjen komande helg.
