Gudstjeneste

Kvar søndag samlast vi til gudstjeneste i kyrkja vår i Fosnavåg sentrum kl 11.00.

 
Gudstjenesta er vår storsamling, der kjem vi saman for å lovsynge, be, lytte til Guds ord og ein gang i månaden feirar vi også nattverdsmåltidet saman.

Vi ser på gudstjenestene som eit møte mellom Gud og oss. Der kan vi møte Gud både personleg og som del av eit større fellesskap. Vi trur at Gud ynskjer å tale til oss i gudstjenestene og at hans ord er levande og relevant i våre liv og i vår kvardag. 

Vårt mål er at alle skal kjenne seg velkomne på gudstjenestene våre. Vi ynskjer at du kan finne deg til rette hos oss og kjenne at det er godt å vere saman med oss.

Ei vanleg gudstjenesten varer ca. 1 time og 15 min.  Etter gudstenesta pleier vi å møtast til kyrkjekaffi og tid for prat på kyrkjetorget.

Powered by Cornerstone