KONFIRMANT 2026/27

Målet for konfirmanttida er at du som konfirmant skal bli betre kjend med deg sjølv, med dei andre konfirmantane, med kyrkja og med Jesus. Vi håper DU vil vere med og ynskjer å bli kjend med deg. Vi vil dele oppturar, nedturar og mange fine augeblikk ilag det komande året.

Her er ein video frå 2025/26

 

Informasjon om konfirmantåret:

6. september blir konfirmantane presentert i Herøy Frikyrkje.

Vi legg til rette for to turar i løpet av året. Ei helg med bli-kjent-tur til Fjordly og ein helgetur til Impulsfestivalen i Trondheim.

Vi har konfirmantsamling kvar måndag kl. 18.00 til 20.00 i frikyrkjekjellaren. Konfirmantforeldra deler på å ha ansvar for matservering på samlingane. 

Konfirmantane sjølv arrangerer to gudstenester i løpet av året, 15. november og 07. mars! I tillegg ønsker vi at konfirmantane skal delta på 2 vanlege gudstenester kvart halvår for å bli kjent med fellesskapet i kyrkja vår. 

Viktige datoar:

Presentasjonsgudsteneste: 6. september

Konfirmasjonsleir: 25. - 27. september

IMPULS i Trondheim: 29. - 31. januar

Konfirmasjonsdagar: Laurdag 24. og søndag 25. april 2027.

Pris:

2600 kr for heile året. Dette inkluderer turane, og gir oss moglegheit til å gjere kjekke ting i lag på konfirmantsamlingane. Vi ynskjer å legge til rette for at alle kan vere med! Dersom kostnaden er ei utfordring, ta kontakt. 

 

 

KONFIRMANT 2026/27

Ved spørsmål, ta kontakt med ungdomsarbeidar Maria Lade, maria.lade@frikirken.no eller på tlf. 97941193

Powered by Cornerstone