Herøy Frikyrkje

Herøy Frikyrkje er en del av Den Evangelisk Lutherske Frikirke, ofte kalla Frikirken.  Dette er det største norske, lutherske trudomssamfunnet utanfor Den norske kirke. Kven som helst kan komme til Herøy Frikyrkje. Vi er ei kyrkje for alle menneske uansett livssituasjon, alder og forhold til kristen tru.

Herøy Frikyrkje vart stifta i 1912 og er i dag ein aktiv kyrkjelyd med nærare 450 medlemmar. Kvar veke er det gudstenester, møter, smågrupper og andre samlingar. Alle er velkomne til å delta.

Herøy Frikyrkje har eit rikt barne- og ungdomsarbeid med Awana-søndagsskule, sjøspeidargruppe, TnT-Tweens, konfirmantarbeid, JUMP ungdomskveldar med meir.

I Herøy Frikyrkje ynskjer vi å ta alle dine behov på alvor. Og vi legg opp til aktivitetar, gudstenester og samlingar som passar for deg. Den beste måten å bli kjent med oss på, er å ta ein tur innom ein av samlingane våre.

Powered by Cornerstone