Herøy Frikyrkje ynskjer at alle barn skal ha eit godt tilbod på gudstenestene. Difor prøver vi å ha søndagsskule kvar søndag det ikkje er familiegudsteneste eller kveldsgudsteneste. Vi har ein fin gjeng med barn og leiarar, men vi kan tenkje oss endå fleire leiarar og endå fleire barn!
Å gi Jesus til barna er ein av våre viktigaste oppgåver som kyrkjelyd. Herøy Frikyrkje har valt Awana som vårt søndagsskuleopplegg.
I denne aldersgruppa handlar temaene mellom anna om; at Gud har skapt alle ting og at vi menneske er skapt i hans bilete, at Gud er kjærleik og om takknemlegheit. Barna får kvar si teiknebok med bilde av det som har blitt snakka om. I tillegg får foreldra kort med tekst bak på som dei kan snakke om heime. Her er foreldra med på heile samlinga. Vi ønsker at barna på Puggles skal forstå at det er Gud som har skapt alle ting og at Han elskar dei.
I denne aldersgruppen får barna lære ulike bibelfortellinger fra både gamle og nye testamentet. Hovedsetningen vi ønsker at skal sitte igjen hos barna, er "Jesus elsker meg." De får undervisning som handler om respekt for Gud og Hans Ord, og de lærer ulike fortellinger fra NT som peker på sannheter om hvem Jesus er.
Barna får undervisning i hele Bibelen gjennom disse årene, og de får lære om både folk og hendelser i Bibelen på en slik måte at det legges et fundament for kunnskap og kjennskap/vennskap med Jesus.
I T&T (Tro og Trening) blir 10-13-åringer introdusert for kristne sannheter, og hvordan de kan implementere disse i sitt dagligliv. De lærer om misjon og å tjene andre. De får oppleve tilhørighet og lærer hvordan de skal opprettholde positive, nådefylte vennskap.
På annakvar/tredjekvar fredag (sjå kalender) er det eigne T&T kveldar for 5. - 7. klasse frå kl. 19-21, med andakt, grupper og leik slik som i det vanlege Awana opplegget, og i tillegg kiosk og sosialt samvær i etterkant.
Awana er ein misjonsorganisasjon som tilbyr kyrkjer og organisasjonar eit solid undervisningsmateriale som bidreg til at barn og unge får lære Jesus å kjenne. Vidare legg Awana til rette for at foreldre får reiskap og språk til å snakke om tru med borna sine.
Barn og unge skal få oppleve gode relasjonar, leiarar som likar å vere saman med dei, som gir dei merksemd og blikkontakt, – og mest av alt ønsker vi å leie dei inn i ein god relasjon til Gud, vår Far. Han som elskar med ein evig kjærleik. Vi må bygge relasjonar med barn og ungdom for å kunne tale inn i liva deira og vere truverdige.
Vi vil at barn og unge skal ha kunnskap om Guds Ord – og at det dei lærer skal ha relevans både for kvardagen og for evigheita.
Barn går gjennom ulike utviklingsfaser, og det er viktig å ha respekt for at dei er forskjellige – og at dei lærer på ulike måtar, jfr Howards teori om ulike intelligensar. Uansett kva teori ein legg til grunn, vil barn og ungdom alltid ha eit behov for tryggleik og stadfesting. Vi vil at barn skal kjenne seg sett og trygge når dei kjem på ei Awana samling, og vidare at modning skal få skje i individuelt tempo. Dette leggast det til rette for særleg i smågrupper.
Vi trur at smågruppene er den beste staden for barn og unge til å stille spørsmål og undre seg saman med trygge leiarar. Her blir dei tatt imot og respektert for sine refleksjonar.
I Awana får alle barna kvar si bok som dei kan lese og samtale om heime. Dette får vi gode tilbakemeldingar på at har vore ein god hjelp til å snakke om tru saman. Dei som ikkje blir lest saman med heime, blir ivaretatt i smågruppene på samlingane.
Vi ønsker å disippelgjere og utruste slik at trua er mobil og flyttbar den dagen dei flyttar heimafrå.
Du kan lese meir om mellom anna Awana Norge, Kvifor, Tallenes tale og Teologisk grunnlag her.