Vårt hjertebank

Vi vil verte ein del av di historie!

Vårt ynskje er at alle kan kjenne seg heime i kyrkja vår. At alle her vil finne eit godt fellesskap  som vil vere oppmuntrande, støttande, utfordre deg og gje deg glede i trua på Jesus Kristus.

Vi eksisterar for at vi saman skal: 

  • Leve i ein nær relasjon med Gud.
    Gud kallar oss til å leve i ein relasjon til han. Det betyr å regelmessig bruke tid saman med Gud. Det gjer vi når vi samlast til gudstenester, Pusterom og lovsongssamlingar, når vi les i Bibelen og ber, eller når vi samlast i bibelgrupper eller smågrupper
  • Verte utrusta til å følgje Jesus.
    I det kristne fellesskapet blir vi utrusta til å lære Gud betre å kjenne. Vi brenn for å gje deg utrustning til det kristne livet og for at du skal finne ditt personlege kall. Det gjer vi når vi samlast til menighetsmøter, tru i heimen samlingar, menighetsweekend eller reiser på spennande konferansar saman.
  • Dele trua vår med nye menneske.
    Som kyrkje har vi forplikta oss til oppdraget om å leie menneske til fellesskap med Gud.
    Vi brenn for å sjå menneske forvandla i møte med Jesus. Det gjer vi når vi inviterer nye menneske til våre fellesskap. 
  • Bety en forskjell for andre menneske.
    Å tene andre menneske med dine Gud-gitte talent, gir oss del i den store gleda ved livet. Vi ynskjer som menighet å gje deg moglegheita til å tene menneske både i og utanfor menigheita. 
  • La neste generasjon vinne. Barna er viktige for Gud - og barna er viktige for oss! Vårt ynskje er å vere ei kyrkje der barna får lære å kjenne, elske og tene Jesus gjennom heile livet. Det gjer vi gjennom å ha eit stort fokus på barn og familiar som målgruppe for arbeidet vårt og gjennom samlingane våre, Awana-søndagsskule, TnT-tweens, JUMP-ungdomskveld og konfirmantopplegget vårt.

 

Powered by Cornerstone