Kvar laurdag mellom kl 20:00 og ca kl 00:00 er det Fx i kjellaren i Frikyrkja!
Fx er ein møtestad for ungdom mellom 13 og 19.
Hovedfokuset på Fx er å møtast og ha det kjekt i lag. Her er det alltid god stemning!
Her kan vi by på mykje gøy;
- biljard og bordtennis
- quiz- og Singstarkonkurranser
- musikk
- andakt
- leik
- chilling i sofakroken med gode vener
- og ikkje minst kiosk og god mat.
Velkomen på Fx!
KRIK er ein stad for folk som likar å vere i aktivitet. Det er eit tilbod både for deg som er eller har vore aktiv idrettsutøvarar og for deg som berre er glad i fysisk aktivitet.
I Herøy har vi fleire tilbod; KRIK Step, KRIK Amen, miniKRIK, KRIK i Hallen og KRIK Villmark. Av desse er det spesielt dei to siste som er retta mot ungdom.
Dette er staden for alle som er 13 år eller eldre, og som synest det er kjekt å ver med på passeleg seriøs idrettsaktivitet saman med andre.
Her er det ein time med fotball eller volleyball, "berre for artig". Midt i kvar trening er det felles pause med ein kort andakt.
Dette tilbodet har tatt ein pause for hausten 2020.
På KRIK Villmark samlast vi i friluft. Vi pakkar sekken med niste og kle for dagens vær og går på tur i lag.
Eksempel på turar er:
- Kjelketur på Teigetua
- Tur til Horningdal skisenter for kveldskøyring i slalombakken
- Fjelltur til Lundeura på Runde
- Padletur i Kjeldsund
- Mørketur(med lommelykt) til Muletua
- Fjøretur til Skagehola
KRIK Herøy er eit tverrkyrkjeleg samarbeid mellom Den norske kyrkja i Herøy og Herøy Frikyrkje.