Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse barne- og familiearbeidar i 50% stilling:

Herøy Frikyrkje leitar etter deg som er glad i barn og glad i Jesus, og som vil kombinere dette i arbeidskvardagen.

 

Du har lyst og evne til:

  • Å leie og vidareutvikle barne- og familiearbeidet vårt i ein kyrkjelyd som er i vekst 
  • Å støtte og utruste familiar til tru i heimen
  • Å bruke interesser og ferdigheiter til å skape aktivitetar for og med barna og familiane deira

 

Vi har:

  • Mange barn og tweens som møter til Awana søndagsskule og tweenskveld.
  • Ein kyrkjelyd med mange frivillige som er klar til innsats.
  • Moderne kyrkjebygg midt i sentrum.
  • Ein kyrkjelyd med rundt 450 medlemmar og variert tilbod til barn, ungdom og vaksne.
  • Ein stab med pastor (100%), ungdomsarbeidar (100%), og kontormedarbeidar (40%).

 

Kvalifikasjonar:

  • Har relevant utdanning og/eller erfaring (Erfaring vert vektlagt og kan erstatte formell utdanning).
  • Arbeider strukturert og sjølvstendig.
  • Har evne til å organisere barne- og familiearbeidet og bygge team.
  • Har gode samarbeidsevner.

 

Hovudoppgåver:

  • Trusopplæring, både gjennom Awana-opplegga og egne samlingar for aldersgrupper gjennom året.
  • Familiegudstenester.
  • Tru i heimen tiltak/opplegg/samlingar.
  • Vere med i team som jobbar med tweensarbeidet.
  • Halde andaktar innimellom i ulike samanhengar for barn og familiar.

 

 

Oppstart hausten 2021 eller etter nærare avtale.
Løn og arbeidsvilkår etter Frikyrkja sitt regulativ.

Send oss ein søknad til: knutmagne@frikyrkja.no

Ved spørsmål: ta kontakt med hovedpastor, Knut Magne Dalsbø, på telefonnummer 413 30 739.

 

Powered by Cornerstone