Stillingsbeskrivelse

Stillingsbeskrivelse ungdomsarbeidar/ungdomspastor i 100% stilling:

Herøy Frikyrkje leitar etter deg som er glad i ungdomar og glad i Jesus, og som vil kombinere dette i arbeidskvardagen.

 

Du har lyst og evne til:

  • Å lytte og vere open for ungdomane i nære samtalar, og vere på lag med både ein og ein og heile flokken.
  • Å bruke musikk eller andre interesser og ferdigheiter til å skape aktivitetar for og med ungdomen
  • Å leie og vidareutvikle ungdomsarbeidet vårt i ein kyrkjelyd som er i vekst 
  • Å bu med storhavet som nabo, i fantastisk vestlandsnatur og jobbe i ein triveleg småby

 

Vi har:

  • Over tjue konfirmantar som ventar på deg.
  • Spennande vekst i FX-Herøy, vårt ungdomstreff.
  • Ein kyrkjelyd med mange frivillige som er klar til innsats.
  • Moderne kyrkjebygg midt i sentrum.
  • Ein kyrkjelyd med rundt 450 medlemmar og variert tilbod til barn, ungdom og vaksne.

 

Kvalifikasjonar:

  • Har relevant utdanning og/eller erfaring (Erfaring vert vektlagt og kan erstatte formell utdanning).
  • Arbeider strukturert og sjølvstendig.
  • Har evne til å organisere ungdomsarbeidet og bygge team.
  • Har gode samarbeidsevner.

 

Hovudoppgåver:

  • Undervise konfirmantane og leie konfirmantarbeidet saman med resten av teamet.
  • Drifte og leie FX-ungdomskveld saman med eit team av leiarar.
  • Vere med i team som jobbar med tweensarbeidet.
  • Halde andaktar innimellom i ulike samanhengar for barn og ungdom.

 

 

Oppstart hausten 2021 eller etter nærare avtale.


Løn og arbeidsvilkår etter Frikyrkja sitt regulativ.

Send oss ein søknad til: knutmagne@frikyrkja.no

Ved spørsmål: ta kontakt med hovedpastor, Knut Magne Dalsbø, på telefonnummer 413 30 739.

 

Stillingsbeskrivelse
Powered by Cornerstone