Kalender/Praktisk fellesskap

Praktisk fellesskap

Glad i å sysle med praktiske ting? Glad i mat og prat?

Herøy Frikyrkje inviterar alle som har lyst til å vere med til Praktisk fellesskap.

Vi møtast til eit uformelt fellesskap med fokus på sosialt samvær og løysing av praktiske oppgåver i kyrkja vår.

Døme på kva vi gjer: Mindre vedlikehald, rydding, drøfting av behov for vedlikehald og løysing av verdensproblem over ein kaffikopp.

 

Oppmøte i ungdomsavdelinga i kjellaren. Ta gjerne med deg lunsjnista di. Vi kokar kaffi.

Powered by Cornerstone