Utsendingsgudsteneste. Denne søndagen blir det fellesgudsteneste i Herøy Frikyrkje der vi skal få be for og sende ut att misjonærane våre, Cecilie og Stephen Thomas, til Madagaskar. Der arbeider dei for eit lokalt bibelomsetjingsprosjekt kalla TiBT. Familien er utsendt i samarbeid mellom Wycliffe og NMS. Dagleg leiar i Wycliffe Norge, Agnes Lid, talar. Representantar frå NMS og DNK i Herøy deltek også. Kyrkjekaffi.