Kalender/Pilegrimsseglas med morgenbøn

Pilegrimsseglas med morgenbøn

Velkomen til ei heilt spesiell pilegrimsoppleving!

Å reise med båt til kyrkje på Herøy er ein fleire hundre år lang tradisjon for Herøyværingane. Rundt omkring i bygdene avtala naboane kyrkjeferd med kvarandre. Helst segla dei, men om dei måtte ro, bytta dei på det så ingen vart kalde. Ombord i båtane gjekk praten. Dei delte historier og såg fram til å møte slekt og vener på kyrkjebakken. Presten hadde eigne rokarar, og han var den siste som steig i land før messa.

Denne søndagen kan du vere med å ro frå den gamle prestegarden på Raftenes til den historiske kyrkjestaden på Herøy. Dette er ein roleg tur, og berre dei som ynskjer det sjølve vert med å ro.
Bilen kan du parkere ved Indre Herøy kyrkje/Stoksund skule, og etter gudstenesta og framsyninga av Herøyspelet Kongens Ring tilbyr vi busstransport tilbake til parkeringsplassen i Stokksund.

Kl. 9.00 Morgonbøn i Indre Herøy kyrkje
Kl. 9.30 Pilegrimsseglas frå den gamle prestegarden på Raftenes til Herøy gamle kyrkjestad

Vi oppmodar dei som vil delta på pilegrimsseglasen om å melde seg på ved å trykke "Skal" på Facebookarrangementet, eller til Herøy kyrkjekontor på tlf. 418 60 780.
Dette for at vi skal kunne planlegge tal færingar som trengs til turen.

Arr.: Nøkkelstaden Herøy i samarbeid med kyrkjene i Herøy.

.............................

Etter seglasen anbefalar vi:
Kl. 11.00 Økumenisk pilegrimsgudsteneste på Herøy gamle kyrkjestad
Kl. 13.30 & 17.00 Herøyspelet Kongens Ring

På kystmuseet kan du nyte varm mat og drikke i historiske omgjevnader.

Pilegrimsseglas med morgenbøn Pilegrimsseglas med morgenbøn
Powered by Cornerstone