Kalender/Songkveld

Søndagssong

Songkveld leia av Siv Anne Sævik og Torill Myren. Det blir ein kveld for gode songar og alt det gode songar kan gjere. Vi får solosong, mykje allsong og folk som fortel om songar som er viktige for dei. Søndagssongen startar klokka 19.30 slik at dei som er vekkreiste i langhelga kan nå å kome heim igjen å få med seg samlinga.

Velkomen til «Søndagssong» med song-glede søndag 29. mai kl 19.30. Pergunn Rødseth Gjerdsbakk og Tomine Sævik Voldsund deltek med solosong, DU bidreg med mykje allsong, fem fine folk skal fortelje om sin favorittsong, Elisabeth Frøystad Husøy sørger for solid tonefølge og Siv-Anne Kvalsund Sævik leier med stødig hand og minner oss i ord om alt det gode ved songen.

Dei som gir oss møte med sin favoritt-song er Lena Myklebust, Laila Solhaug, Sigvald Leine, Mirjam Håland Igland og Janne Smoge Sævik.

Powered by Cornerstone